I Timeskulen bruker me lærebrett som verktøy for læring. Dette betyr at kvar elev får tildelt ein iPad med tastatur som dei skal bruka som sitt arbeidsverktøy i opplæringa på skulen, og i arbeid med leksene heime. Som del av at kvar elev får ein iPad til utlån er det utforma kriterium som elevane må forhalda seg til. For at elevane skal kunne ta med seg iPaden heim, må foresatte samtykka til dette i Visma Flyt skule (appen).
Administrering og sikkerheit knytt til personvern
*Oppsett av Apple-ID og innhald på iPaden vert administrert av kommunen. Elevane skal bruka passord for å opna iPaden.
*Office 365 vert nytta som arbeidsplattform. I denne løysinga er det tilgjengeleg e-post program. Dette skal ikkje vera tilgjengeleg som app på iPad for elevar på 1.-4. trinn. Den kan vera tilgjengeleg for 5.-7.trinn med samtykke frå føresette.
*IPaden er knytt til trådlaust nettverk i kommunen som er regulert med tanke på innhald.
Nettvett
Med bruk og tilgang på teknologi medfører det kritisk tenking og ansvar. Skulane jobbar aktivt med dette temaet.
Reglement for bruk av lærebrett
*iPaden er leasa først fem år for 1-5.trinn og deretter nye fem år for 6.-10. trinn. Etter dette skal iPad, omslag/tastatur og ladar leverast tilbake igjen.
*iPaden er skulen sin eigedom, elevane må ta godt vare på han og handsama han på ein forsvarleg måte. Jmf kommunalt ordensreglement: «elevane skal ta godt vare på alt som tilhøyrer skulen.»
*iPaden skal alltid oppbevarast i omslaget. Det kan i tillegg vera lurt å ha ein pose, eller anna form for vern når den er i skulesekken.
*Elevane skal sørga for at iPaden er opplada til kvar dag.
*Elevane skal ikkje logga seg på med privat Apple ID på iPaden.
*Elevane skal ikkje slå på tofaktorautentisering dersom det kjem spørsmål om dette, og heller ikkje leggja inn telefonnummer om dei blir bedt om det.
*Elevane kan ikkje lasta inn spel og appar utan avtale med skulen.
*På skulen sitt nettverk har me strenge restriksjonar. Heimen er ansvarlege for kva iPaden blir brukt til på andre nettverk utanom skuletida.
*Ved forsiktig og normal bruk, varer ein iPadladar og leidningen gjennom leasingperioden. Dette skal leverast inn når perioden er slutt. Dersom dette blir øydelagt, må dette erstattast av heimen.
*Elevane får eit omslag/tastatur som skal brukast.
*Føresette kan bli erstatningsansvarlege for iPaden etter Skadeerstatningslova § 1 – 2 første og andre ledd. Dette betyr at dersom eleven har øydelagt sin eigen, eller andre sin iPad eller tastatur med vilje, kan foreldra bli erstatningsansvarlege med inntil 3700kr.