Føresette kan søkja om permisjon for elevar frå skulen. Ved permisjon på inntil to dagar kan kontaktlærar innvilga søknaden.
Dersom det er ønskjeleg å søkja om permisjon i meir enn to dagar, må føresette fylla ut ein permisjonssøknad. Skulen vil då vurdera søknaden før det blir teke ei avgjerd.
Det kan søkjast om permisjon via føresettportalen i Flyt Skule. Rettleiing for korleis ein går fram i appen, finn de under «Dokument» lenger ned på sida.