Plan for trygt og godt skulemiljø ved Bore ungdomsskule
Klepp kommune har ein plan for trygt og godt skulemiljø for alle skulane i kommunen. Hovudføremålet med planen er å sikra at alle elevar har eit skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring, i tråd med opplæringslova kapittel 12.
Ved Bore ungdomsskule har me nulltoleranse mot krenkingar, og me arbeider kvar dag for at alle elevar skal oppleva skulen som ein trygg og inkluderande stad. Det aller viktigaste me gjer for å fremje folkehelse og livsmeistring, er å skapa eit sunt oppvekstmiljø prega av trivsel og meistring. Denne planen skildrar korleis me arbeider førebyggande med sosial kompetanse, korleis me varetar aktivitetsplikta etter opplæringslova, og kva forventningar me har til både tilsette, elevar og føresette i arbeidet for eit godt skulemiljø. Me ynskjer å utvikla rause og robuste elevar i eit fellesskap kor det er rom for alle.
Planen for skuleåret 2025–2026 er vedlagt under: