Meny
Velg seksjon Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
Klasse 8
9. trinn
10. trinn
Rygjatunvegen 2 4230 SAND Vis på kart
Telefon: 52 79 08 00/ 52 79 08 01 Send e-post til oss
Redaktør: Jorunn Hoås
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Informasjon om Fylkesmannen sitt tilsyn 25. og 26. september

I perioden april-november vil Fylkesmannen gjennomføre tilsyn ved Sand skule i Suldal kommune. Temaet for tilsynet er skulen sitt arbeid med elevane sitt utbytte av opplæringa, og korleis skulen driv sitt utviklingsarbeid gjennom skulebasert vurdering.

Fylkesmannen er ein statleg organisasjon. Vi har som ei av våre oppgåver å kontrollere at kommunar og fylkeskommune følgjer lova. Slik kontroll kallar vi tilsyn. 

Kva skal Fylkesmannen kontrollere i felles nasjonalt tilsyn?

I felles nasjonalt tilsyn fører vi tilsyn med det same temaet på skolar i heile landet. I dette tilsynet vil vi kontrollere at elevane får opplæring i samsvar med måla som gjeld for eleven. Vi ser også på om dei får informasjon om desse måla. Dette gjelder anten eleven har ordinær opplæring eller følgjer ein individuell opplæringsplan. Vi ser også på om elevane får faglege tilbakemeldingar undervegs i opplæringa og får delta i å vurdere eige arbeid. Til sist ser vi på om elevane blir følgde opp dersom dei ikkje har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, eller har problem med norsk språk. 

Alt dette er viktige område for å bidra til at alle elevar lærer det dei skal. Elevane skal få hjelp til å utvikle seg fagleg og personleg. Derfor har sentrale myndigheiter prioritert å følgje opp at skulane følgjer lova på desse områda. 

 

Korleis gjennomfører Fylkesmannen tilsynet?  

I samband med tilsyn vil vi alltid be kommunen og skulen om å sende oss enkelte dokument som vi bruker når vi skal kontrollere og vurdere skulen. Dette kan for eksempel vere dei planane som kommunen eller skulen har laga for å kunne tilby dykk ei opplæring i tråd med det regelverket vi har.

Enkelte gonger har vi intervju med elevar. Vi vil da gjerne høyre kva skulen gjer for at elevane får eit godt utbytte av opplæringa. I samtalane vil vi ikkje spørje om personlege opplevingar dersom det er andre elevar eller vaksne til stades. Det som blir sagt til oss i intervjua, vil ikkje bli brukt slik at nokon kan kjenne att kven som har sagt det. Det er frivillig å snakke med oss. I tillegg til å snakke med nokre elevar på skulen, vil vi enkelte gonger også be elevar svare på ei spørjeundersøking. 

Vi skal også snakke med lærarar, rektor og ansvarlege for skulen i kommunen. Vi vurderer denne informasjonen saman med dei svara vi får frå elevar. Deretter skriv vi ein rapport der vi konkluderer. Enkelte gonger følgjer ikkje skulen alle reglane i lova. Vi vil da be kommunen om å sørgje for at skulen rettar opp forholdet. De kan lese den endelege rapporten på Fylkesmannen si heimeside på Internett.

Med helsing

Fylkesmannen i Rogaland