Kva ein gjer dersom ein elev ikkje har det bra på skulen.
Dersom du ynskjer å melda frå om at ditt born eller andre born ved skulen ikkje har det bra på skulen, til dømes opplever krenkingar, så melder du frå til lærar eller rektor. Alle tilsette på skulen har kunnskap om korleis slik informasjon skal handterast vidare til rektor. Rektor har ansvaret for vidare oppfølging.
Denne teksten er henta frå brosyra "Det psykosiale miljøet til elevane - Til deg som er forelder", og er eit utdrag av viktige element frå brosjyra. Klikk på tittelen til brosjyra for å lesa heile brosyra.
"Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.” Dette følger av opplæringsloven § 9a-1.
Godt psykososialt miljø på skolen
Det psykososiale miljøet på skolen handlar om korleis tilsette og elevar
oppfører seg mot kvarandre på skolen. Med psykososialt miljø er det her
tenkt på dei mellommenneskelege tilhøva på skolen, det sosiale miljøet
og korleis elevane og personalet opplever dette. Det psykososiale miljøet
handlar også om korleis elevane opplever læringssituasjonen.
Alle elevar har rett til eit godt psykososialt miljø. Det vil seie at skolemiljøet
skal fremje helsa, trivselen og læringa til elevane. Dei skal mellom anna
ikkje utsetjast for krenkande ord og handlingar korkje frå medelevar eller
lærarar.
Krenkande ord og handlingar kan til dømes vere mobbing, vald,
rasisme og utestenging, eller enkeltståande utsegner om utsjånaden eller
funksjonshemmingar.
Elevane si oppleving av det psykososiale miljøet avgjer om
det er godt nok
Det er eleven si eiga oppleving av det psykososiale miljøet som er avgjerande.
Dersom det psykososiale miljøet ikkje fremjar helse, trivsel og
læring, vil det seie at det psykososiale miljøet til eleven ikkje er godt nok.
Rektor, lærarar eller medelevar skal ikkje bagatellisere det eleven opplever.
Rektor kan til dømes ikkje vise til at det generelt er lite mobbing på skolen.
Dersom eleven opplever at noko er ubehageleg og krenkande, skal skolen
ta det på alvor.
Skolen har plikt til å sørge for at elevene har et godt skolemiljø.
Kommunen som eig grunnskolane har eit særleg ansvar for at krava i opplæringslova med
forskrifter blir oppfylte.
Hva skal skolen gjere?
Skolen har et spesielt ansvar for at alle elever har et godt skolemiljø som fremmer helse, trivsel og læring. Hva kan du som forelder forvente fra de ansatte og ledelsen på skolen
- Skolen skal sikre at kvar elev har det bra
- Skolen skal gripe inn dersom noko skjer
- Skolen skal undersøkje kva som skjer
- Tilsette skal gripe inn dersom det er nødvendig
- Tilsette skal varsle rektor
- Rektor skal undersøke
- Rektor skal gjere eit vedtak dersom foreldra ber om tiltak
- Skolen skal ta dykk med på råd