Lim inn URL til ynskt seksjon i RSS lesaren din
Tu skule er ein PALS skule
Neste opningsdag i Gratisbutikken på Tu skule er tysdag 18. mars kl. 17-18. Alle er velkomne innom for å ta med seg varer. Me har mykje fint, både klede og sportsutstyr. Barn må koma i lag med vaksn
FAU har trafikktryggleik i fokus! Politiet kjem med viktig informasjon til alle føresette onsdag 5. mars kl. 19.30 i aula.
Vel møtt!
Har du barn i alderen 0-12 år? Då inviterer me deg til ein kveld kor du får gode føredrag, møte ulike aktører på stand, og få gode råd til deg som foreldre.
Dato: 19. februar kl. 18-20
Folkehjelpshuset på Klepp, Smievegen 4, Klepp
Dørene åpner kl. 17.30
Tema: Foreldrerollen
Sjå vedlegg for meir informasjon.
Tysdag 21.01.25 kl. 17.00-18.30 er fyrste opningsdag til gratisbutikken på Tu skule. Den offisielle opninga vart gjennomført på jubileet til skulen, men no er det mogleg å ta med seg varer heim. Alt er gratis! Målet er at alle i Tu-krinsen skal ha like moglegheiter til å vera inkludert i fritidsaktivitetar, leik, turar og anna. I butikken er det særs gode klede til kvardag og fest. I tillegg er det ski, skøyter, ryggsekkar og anna.
Me gler oss til fyrste opningsdag!