Meny
Velg seksjon 6. trinn
Hovedadresse Lalandsvegen 410 4341 Bryne Telefon: 51786800 Send e-post til oss
SFO Lalandsvegen 410 4341 Bryne Telefon: 48886851 Send e-post til oss
Redaktør: Vibeke Sola
Årsplanar 6. trinn
Samfunnsfag
Matematikk
Naturfag
Engelsk
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
No har me kosa oss med leseprosjekt i to veker. Elevane har lese bøker, lese  på Epic, drukke te og snakka om bøkene og laga kvar sin BookFlix. I matematikk har elevane laga statistikk som blant anna viser kva sjangrar som er mest populære. Fleire elevar kjem til å vise BookFlixen under utviklingssamtalen etter påske. Me gler oss! I dag starta me dagen med stillelesing og deretter påskefrukost. Me set pris på at foreldre bidreg med god mat! 

No nærmar me oss slutten av Kompani Fatnes. Elevane har vore delt inn i lag og utført varierte oppgåver både på skulen og heime. Dei har blant anna vaska lister og reidd opp senga før skulestart. På skulen har dei jobba med logiske oppgåver, laga flagg til laget sitt og skrive logg. Me har vore på tur der gruppene laga eigen leirplass og mat til gruppa. Elevane har prøvd seg på spionasje og hinderløype ute. Veka blir avslutta med dimmefest!

Tid: 21. februar kl. 18.00-20.00

Stad: Klepp ungdomsskule, aula

Tema: digital verden og russetid.


6. trinn kosa seg med lesetime i dag der me kombinerte individuell lesing og samtale om litteratur. I løpet av timen var alle innom ein stasjon der dei sat saman i gruppe og snakka om boka dei les. Dei fortalde kvarandre kva boka deira handlar om, om det er ein serie, kva sjanger dei les, om dei liker boka eller ikkje og kanskje hadde andre lese same bok som dei. Elevane hadde med seg eigen tekopp og kunne nyte ein kopp te både under eiga lesing og i samtale.