Skulehelsetenesta skal arbeida for
• å fremma eleven si psykiske og fysiske helse
• fremma gode sosiale og miljømessige forhold
• førebygga sjukdom og skade
I samarbeid med heim, skule og det øvrige hjelpeapparatet skal skulehelsetenesta arbeida for å identifisera og løysa dei helsemessige problema som knyter seg spesielt til skuleeleven sin situasjon. Helsesjukepleiar er med i tverrfagleg ressursteam på skulen. Føresette og elevar kan ta direkte kontakt med helsesjukepleiar.
Plan for skulehelsetenesta:
1. Klasse
Helseopplysing frå føresette om barnet si helse. Helsesamtale hos helsesjukepleiar, vekt- og høgdemåling. Konsultasjon hos lege med mellom anna somatisk helseundersøking.
2. Klasse
Tetravac-vaksine (difteri, stivkrampe, kikhoste og polio).
3. Klasse
Gruppesamtalar om helse og trivsel. Vekt- og høgdemåling.
4. Klasse
Psykologisk førstehjelp. Klasseromsundervisning om psykisk helse.
5. Klasse
Gruppesamtalar om pubertet.
6. Klasse
MMR - vaksine (meslingar, kusma og raude hundar).
7. Klasse
HPV-vaksine (for førebygging av livmorhalskreft).