Meny
Velg seksjon Framside
Espedalsvegen 156 4110 Forsand Vis på kart
Telefon: 51700201 Faks: 51700008 Send e-post til oss
Redaktør: Roald Tungland
Gå til Its Learning
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Neste år innfører me fem dagars skuleveke for alle elevar. Då reknar me med at det vil bli mange fleire som vil benytte seg av SFOtilbodet, og difor vil me gjerne informere litt her om dei tankane me har for SFO framover.

Kolumbus melder at etter vinterferien blir avgangen frå Øvre Espedal 5 minutt tidlegare enn i dag og at han då vil køyre klokka 07.25. Dette medfører at bussen passerer dei ulike stoppestadene langs ruta 5 minutt tidlegare enn det som er tilfellet nå. 


Tysdag 6. februar hadde 1. - 4. klasse matematikkens dag.

6. klasse har hatt besøk av ein fiskar som hadde drege fjordgarn.


Stor glede blant både elevar og vaksne når det er både sol og snø i skulegarden!

1. - 4. klasse har hatt omvendt julekalender i adventstida.  I dag blei pengane talt opp. Det blei til saman kr. 7488 som er sendt til SOS Barnebyer! Veldig bra jobb av elevane!

Forsand skule vil ønske alle foresatte og elever ei riktig god jul og eit godt nytt år!

Me håpar våre elevar får ein god juleferie saman med gode venner og familie, og ønsker velkommen tilbake til skulen 2. januar 2018.


Kommunestyret vedtok tidlegare å innføre fem dagars skuleveke for småskulen frå neste skuleår. Her er ein oversikt over koss me tenker å gjennomføre dette frå august 2018.

Nå er det julestemning på skulen. ungdomsskulen har juletentamen, småskulen øver til førestillingar, lærerane driv nissestrekar med kvarandre og mange klasserom er pynta med både lys og juletre.

Første klasse har ei travel men kjekk adventstid.

Forsand skule arbeider heile tida med å vera ein god skule. Då treng me kjenna til korleis føresette opplever skulen vår. I år ønskjer me at føresette svarar på foreldreundersøkinga som Utdanningsdirektoratet har laga. Dette kan de gjera når de er på utviklingssamtalar på skulen. Me gjer klar pc utanfor klasserommet. Målet vårt er å få inn nok svar som gjer undersøkinga gjeldande for vidare arbeid her på skulen. På førehand takk for hjelpa!  

Her loggar du inn for å gjennomføra undersøkinga. Du får ein konvolutt med brukarnamn (som og er passord) av lærar. Merk at undersøkinga fins i fleire språkutgåver, t.d. polsk, arabisk og somali. Dette vel de som føresette ved pålogging.    

Her kan du lesa meir om foreldreundersøkinga.  

Det vert og gjennomført ei elevundersøking på skulen. Du kan lesa om denne her.

Monica Helgøy
Rektor


Fredag 10.11. er det planleggingsdag for dei tilsette på skulen. SFO er også stengt pga. manglande påmelding.