Publisert: 26. oktober 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Monica Aga
Les deg til Ullevaal med Erling!
I november startar ein heilt spesiell lesekonkurranse for elevane på mellomtrinnet og ungdomstrinnet i Timeskulen. Utfordringa kjem frå Erling Braut Haaland, og premien er ein draum for mange: landskamp på Ullevaal stadion våren 2027.
Konkurransen går føre seg i november og januar. Elevane registrerer kor lenge dei les i BookBites, og leseminutta tel både for eleven og klassen. Bøker, teikneseriar og aviser er blant det elevane kan lesa.
Målet er ikkje berre å vinna. Konkurransen skal inspirera elevane til å oppdaga gleda ved å lesa.
«Eg er stolt av å kunne vera med å få ungane i Time til å lesa bøker. Eg trur dei kan finna ei glede i både lesinga og motivasjon i konkurransen som dei kan få bruk for resten av livet», seier Erling Braut Haaland.
Kven les seg til Ullevaal?
I februar blir éin klasse frå mellomtrinnet, éin klasse frå ungdomstrinnet og ti enkeltelevar trekte ut blant dei som har lese mest. Premien er tur til Ullevaal stadion for å oppleva landskamp saman med Erling Braut Haaland og det norske landslaget.
Så finn fram boka og bli med. Alle kan bidra, og kvart leseminutt tel!