Publisert: 11. desember 2025 | Sist endra: aldri | Forfatter: Gro Hennestad Skjevrak

Varsel ved fråvær

Etter ønskje frå FAU, har me skrudd på varsel på fråvær for elevane i Visma Flyt Skole.

I starten av kvar time skal læraren ta opprop av elevane. Dei elevane som ikkje har møtt, blir registrert med 60 minutt fråvær, det vil seie ein heil skuletime. Når eleven dukkar opp seinare i timen, vil fråværet bli retta opp ved at lærar endrar antal minutt for seint. Straks fråværet blir registrert, vil de få eit varsel om dette. Sidan det er 60 minutt som fyrst blir registrert, kan det i meldinga sjå ut som dei får fråvær heile timen. Me anbefaler derfor at de går inn i appen eller foresattportalen for å få oversikt over fråværet.

Dersom de ikkje ønskjer å få varslar, er det mogleg å endre dette sjølv ved å gå inn på innstillingar i Visma og skru dette av. Dersom de lurer på noko i forhold til Visma app eller foresatteportal, kan de finne brukarrettleiing her: Visma Flyt Skole - skulen sitt administrasjonsprogram.