Året 2026/2027 tilbyr Undheim skule leksehjelp til elevar frå 5.-7. klasse. Leksehjelp er på morgonen tysdagar frå kl. 07.15 - 08.15 med gratis frukost i mediateket.
Leksehjelpa inneheld følgjande ansvar:
Eleven sitt ansvar:
*Møte presis til leksehjelpa.
*Ha med vekeplan og iPad, riktige bøker og skrivesaker.
*Jobbe konsentrert med leksene og ikkje forstyrre andre.
*Levere lekser til lærar i tide.
Føresette sitt ansvar:
*Gå gjennom leksene saman med barnet.
*Øve leseleksa saman med barnet.
*Hjelpe eleven til å ferdigstille leksene.
Skulen sitt ansvar:
*Leksene skal vere kjent stoff for elevane.
*Leksene skal vere tilpassa.
*Elevane får med vekeplan på iPad. Vekeplan ligg også på skulen si heimeside.
§13-7a Plikt for kommunen til å ha tilbod om leksehjelp
Kommunen skal ha eit tilbod om leksehjelp i grunnskulen. Tilbodet skal vere gratis for elevane. Elevane skal ha rett til å delta på leksehjelptilbodet, men det skal vere frivillig om dei ønskjer å delta.