Gleding er mykje forskjellig!
Gledingsveka starta med Sirkus og mykje latter. Vidare vart det laga gledingskort og gledingsbrev som vart sendt til slektningar i inn og utland. Barnehagen vart overraska med song. Nokre naboar fekk overrasking i postkassen. Leksene bestod av gledingsoppgåver i heimen. Heile skulen hadde kjekk sporleik i Sandtangen med aldersblanda grupper. Veka vart avslutta med open skule. Det var ei glede å sjå kor mange som kunne koma!
.