I dag/år trengte me ikkje leita særleg mykje for å finna vårteikn....
Sevja pipla ned i flaska me hadde festa til ei bjørk i går, fuglane kvitrar, på bakken kan du skimta det grøne graset som vaknar til liv. Gåsungane flottar seg på vierkvistane. Og snøen er HEILT vekke i år. Det er faktisk heilt ekte byvår!
Så etter å ha sett 15 jordeple på klampen og gjerda desse inne litt, vart det tid til leik. Herleg, barnleg vårleik. Der fekk me òg med oss 3. og 4. klasse.
Avslutningsvis tok me med oss trillebåra ut til "Jørgen me' sjøen", og plukka det me kunne finna av søppel i vegkanten.