Nytt år. Nye moglegheiter. Men har me meir tid? Og kva nyttar me tida på?
Det var temaet då 2. klasse i dag gav seg i kast med diktskriving over Per Olav Kaldestad sin lest, òg lettare inspirert av Jacob Collier sin 100.000 voices. Med Kaldestad som mal, og sjangerbrot en masse av Collier, gjekk tre grupper i gang med å laga tankekart om kva dei likar å nytta tida si på. Her gjekk det i samskriving på same ark.
Dernest var det leiting etter rimord, som me kunne nytta i diktet. Her var det mykje rart og artig.
Siste steg var å skriva det inn i samskrivingsdokumentet på Chromebooken. Elevane valde kvar sitt ord dei ville ha med, samt rimordet som høyrde til, og skreiv inn i dokumentet.
Starten av diktet låg alt klart og venta på dei, og det gjekk difor fint for dei å finna plass til sine ord og sine linjer.
Og med det kan elevane i 2. klasse allereie fyrste skuleveka i 2025 presentera diktsamlinga: "Tid for alt".