Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<februar 2025><<
februar 2025
mtotfls
27282930310102
03040506070809
10111213141516
17181920212223
24252627280102
03040506070809
Gå til Google Classroom
Hokus pokus

...og simsalabim, så hadde me laga noko som aldri før har eksistert.

Dagens to timar med Karen og Kristin frå den kulturelle skulesekken sitt program, gjekk fort.

Elevane fekk gyva laus i gamle bøker og blad, og klippa hovuda av det dei kunne finna. Deretter gjekk dei på skattejakt etter ein høveleg kropp å putta det på. Det vart mange kreative nye dyr, som ville ha imponert alle frå Lasse M. Fjeldstad til Charles Darwin.

Det er ein viss fare for at elevane har fått blod på tann no, men dei vart nøye instruerte om at dei måtte spørja, før dei gjekk laus på å klippa ut ting frå bøker i heimen.

Men nokon hadde allereie ein praktisk vri på det å laga collage. Ynskjelista til jul vart klippa ut i frå leikeblad.

Dyra dukkar opp på ein vegg på skulen i nær framtid.

Takk for to kjekke timar til Karen og Kristin!