Elevane som har arbeidslivsfag som tilvalsfag arrangerte julemarknad på skulen torsdag 4. desember. Her kunne besøkande kjøpe flotte, eigenproduserte varer som kjeks, julepynt, lysestakar, skjærefjøler, fuglemat og mykje meir. I tillegg hadde dei ein koseleg kiosk med kaffi og nysteikte vaflar.
Det var svært mange innom marknaden, og elevane fekk seld mykje av det dei hadde laga. Fantastiske ungdommar stod for både sal av produkt og servering i kafeen – ein imponerande innsats frå heile gruppa! Me er stolte av arbeidet de har lagt ned og den gode stemninga de skapte.
Ein stor takk til dei dyktige lærarane Vigdis Teige og Bjørg Tvedterås, som har gjort ein super innsats saman med elevane. Godt jobba av alle – dette kan de verkeleg vere stolte av!