Leire i kunst og handverk
Etter jul har elevane på 8. trinn jobba med leire i kunst og handverk. Me har tatt utgangspunkt i ein stor melkekartong, og holdt oss innafor den i størrelse.
Publisert: 01.04.2025 08:50 Sist endra: aldri Forfattar: Vigdis Teige
Tema var Hus i Boks, arkitektur, leire og keramisk lås. Det siste er å skjære taket av huset, men på ein måte som gjer at det ligg trygt på huset som eit lokk. Studer bilda, så vil de sjå korleis elevane har løyst den biten. Som de ser av bildene, er variasjonen stor, og dette er berre eit utvalg av produksjonen. Litt funkis, dei tradisjonelle husa og Bjørkheim sauna. Utrulig kjekk oppgåve der elevane fekk utfordre seg sjølv, og kjenne på masse god meistring. Sjølv om dei ser ferdige ut, er det ennå litt arbeid i vente. Dei skal glaserast og brennast på nytt.