Rulleskidag på barneskulen.
Tre erfarne instruktørar og to dyktige lærarar arrangerte rulleskiopplæring på onsdag.
Modige og stødige elevar i full aktivitet.
Rundt 40 elevar på 4.-7. trinn fekk prøva seg på rulleski. Hordaland Skikrets og Samnanger IL hadde ski og sko til utlån. Anne Lise Leiren Mastervik frå Hordaland Skikrets lagde kjekke løyper og opplegg til elevane.
Vigleik Tysseland og Amund Aasebø frå langrennsgruppa stilte opp som trenarar og kom med tips og triks.
I strålande sol "flaug" det elevar over asfalten med store smil og skiglede. Elevane fekk mykje skryt for innsatsen og engasjementet.