Terje Wiik
Publisert: 16. oktober 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Cynthia Sandanger Henriksen

Veke 42

Denne veka var me så heldige å få besøk av sjølvaste Terje Wiik, leiar for Nettverket SFO i Noreg. Han uttrykte stor begeistring over Rosseland SFO og var særleg imponert over dei ulike romma og leikemiljøa barna har tilgang til. Han trekte fram kor verdifulle desse arenaene er for å gi barna moglegheit til å trekkje seg tilbake, finne ro og vidareutvikle leiken sin i trygge og inspirerande omgjevnader. 😊

I haustferieveka hadde barna Kunstfabrikk, og resultatet kan no sjåast i den vesle kunstutstillinga vår i gangen. Barna har måla flotte haustmotiv som dei har ramma inn med fargerike passepartoutar. I tillegg har dei laga vakre haustblad i leire som pyntar opp treet i utstillinga. Me er stolte av dei flinke kunstnarane våre og dei kreative arbeida dei har skapt. 🍂🎨🍁 

Denne veka var den første veka der 1. klassingane fekk velje aktivitetar på eiga hand i SFO-tida. Det har gått veldig bra, og barna har vist at dei meistrar den nye fridomen på ein flott måte.
Dei har kunna velje mellom aktivitetar i gymsalen, aulaen, butikken, aktivitetsrommet, leikerommet, perlerommet, dukkekroken og ulike lageaktivitetar. Det har vore kjekt å sjå korleis barna finn aktivitetar dei trivst med, utforskar nye interesser og deltek i leik saman med andre.
Neste veke tek vi eit steg vidare og prøver oss på meir sjølvstendig uteleik. Vi har tru på at dette også vil gå fint, og ser fram til å følgje utviklinga til dei flinke førsteklassingane våre. 🌟🍂😊

God helg <3