Publisert: 12. august 2026 | Sist endra: 12. august 2026 | Forfatter: Geir Soma

Velkomen til skulestart

Endeleg er ferien snart over og skulen startar opp igjen!

Me gler oss til å ta fatt på eit nytt skuleår, og ønskjer alle elevane velkomne tilbake onsdag 19.august!
2.-7.trinn møter kl. 08.15 på plassen utanfor gymsalen.

Dei nye 1.klassingane byrjar kl. 09.00, og møter opp på same stad.

Det blir vanleg lengd på skuledagen så alle må ha med mat og noko å drikka. Me håpar sjølvsagt på godt sommarvêr, men uansett må elevane ha klede som er tilpassa det vêret me får.

Me minnar og om at SFO er stengt måndag 17. og tysdag 18.august, då personalet har planleggingsdagar.