Publisert: 23. november 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Kenneth Gilbert Stevenson

Strandryddedag med Jæren Friluftsråd.

Nyleg fekk 5 og 6. trinn vere med på ein flott og meiningsfull strandryddedag saman med Jæren Friluftsråd. Under strålande forhold fekk elevane utforske strandsona, lære om marin forsøpling og bidra aktivt til å ta vare på naturen vår. Gjennom dagen samla elevane inn store mengder søppel som hadde hamna på strendene langs kysten. Då dagen var over, viste vekta at 5. og 6. trinn til saman hadde rydda heile 177 kilo søppel.

For oss som skule handlar slike dagar om mykje meir enn berre å rydde. Når elevane får vere ute i naturen, oppleve utfordringar på nært hald og sjølve vere med på å skape endring, blir læringa både konkret og meiningsfull. Mange av elevane vart overraska over kor mykje plast og anna avfall som faktisk låg i fjøra. Gjennom eigne erfaringar fekk dei innsikt i korleis vala menneske tek kan påverke miljøet, både lokalt og globalt.

Kvifor er det viktig at elevane aktivt arbeider aktivit med miljøet?

I skulen arbeider me med å utvikle elevar som kan forstå verda rundt seg og bidra positivt i samfunnet. Strandryddedagen gav elevane høve til å sjå korleis små handlingar kan vere ein del av løysinga på store utfordringar. Dei fekk kjenne på meistringsglede, samarbeid og ansvarskjensle, samstundes som dei gjorde ein viktig innsats for naturen.

Me ønskjer at elevane ikkje berre skal lære om miljø og berekraft gjennom bøker og tavleundervisning, men også gjennom ekte opplevingar. Når barn får oppleve naturen, forstå utfordringane han står overfor og vere med på å ta ansvar, legg me grunnlaget for gode haldningar og medvitne val i framtida. Strandryddedagen saman med Jæren Friluftsråd vart derfor ikkje berre ein kjekk dag ute, men òg ein dag som gav viktig læring og håp for framtida.

Ei stor takk til Jæren Friluftsråd for eit lærerikt opplegg, og til elevane som viste imponerande arbeidsinnsats og engasjement. Kvar plastbit som vart plukka opp denne dagen, er eit lite steg i riktig retning for eit reinare hav og eit betre miljø for alle.