Meny
Velg seksjon Framside
Eidevegen 2-4 4187 Ombo
Telefon: 51 71 20 80 Faks: Bhg mobil : 47 79 29 32 Send e-post til oss
Redaktør: Hanna Skartveit
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
God sommar

.

Siste dag i barnehagen før ferien, for ein kjekk sommaravsluttning me hadde sist veke, kardemomme by blei vist og endeleg er den nye klatreveggen på skulen opna. Her er det mykje me kan teste ut og nokre barn kjenner på ein stor meistring når dei klarer å klatre i og komme seg til toppen i klatreveggen, medan nokon kjenner på ei meistring når dei rutsja ned i rutsjebanen. Dei to eldste barna fekk være med sfo eit par dagar på sløyden. 

I den gode varmen og sterke sola som har vore dei siste dagane har me ut og inn alt etter lyden. Me merkar at varmen tar på og då er det godt  finne skyggen inne. 

 

Litt info: 

I august byrjar 3 nye barn hjå oss, det gleder me oss mykje til. Velkommen til dei. 

Då vi ikkje fekk søkarar til ped.leiar nr. 2, etter 3 publiseringsrundar, så har vi bedt Merete om ho kan konstituerast for eitt år. Det har ho heldigvis sagt ja til.

Morten kjem til Ombo i sine fulle 50 % frå august og han kjem til å vere litt i barnehagen og litt på SFO, tre dagar i veka.

I tillegg kjem Matan, som nå jobbar i barnehagen på Fogn, til å ta ein vakt på fredagane.

Nå er både barn og vaksne klar for ein god sommarferie, og me i personalet vil ønska alle saman ein riktig god ferie