Denne siste veka før skuleferien har vi mange kjekke planar på oppvekstsenteret. Les vidare for å sjå programmet og finne praktisk informasjon.
Sommaravslutning og opning av ny klatrevegg
Onsdag 19. juni,
kl. 17.00-19.00, ønsker oppvekstsenteret familiane velkomne til
sommaravslutning og høgtideleg opning av den nye klatreveggen v/ ordførar
Sissel Knutsen Hegdal.
Festen
startar med premiere på førestillinga «Folk og røvarar i Kardemommeby». Så
vil ordføraren klippe snora på den nye klatreveggen som vi har venta på så
lenge. Sissel Knutsen Hegdal
og avtroppande rektor Hilde Folkvord Juul vil seie nokre ord. Vi
serverer marsipankake, kaffe og saft for å feire. Det blir desserten først denne dagen,
men det kan vi tillate oss på ein festdag!
Etterpå blir det grilling ute. Vi fiksar grillar og de tar
med eigen grillmat og drikke.
Skuletur
til Fogn
Torsdag 20. juni reiser skulen på besøk til Rasmus på Fogn. Vi tar ferja 09.10 frå Eidssund og
er tilbake med hurtigbåten 13.20, så det blir ingen endringar i skulebuss. Vi
skal gå ein kort tur til utkikkspunktet Peråsen og elles vere hjå Rasmus. Der
skal vi grille, om veret tillèt det.
Det er
foreløpig meldt litt regn, så hugs tursko og gode kler. Vi fiksar grillpølser,
men elevane bør ha med vatnflasker og evt. andre ting dei vil ete. Dei har lov
å ha med kjeks.
Halv dag på siste skuledag
Fredag 21. juni
er siste skuledag og vi gir elevane sommarferie kl. 11.00 (før lunsj).
SFO-tilbodet vil
starte kl. 11 og gå som vanleg.
Barnehagen
Barnehagen
vil vere open som vanleg i heile veke 26, før det blir sommarferie på ettermiddagen
fredag 28. juni.
Vi på
oppvekstsenteret ønsker alle ein nydeleg sommar og ein god ferie!