Elevar frå Meland reiser til Utøya
Publisert: 15.04.2024 13:58 Sist endra: aldri Forfattar: Mona Windheim
Elevar frå Meland reiser til Utøya
Tre elevar frå 10.trinn ved Meland ungdomsskule reiser til Utøya 16. – 18. april. Der skal dei
møte elevar frå andre skular rundt om i landet, og lære meir om kva som skjedde på Utøya
22. juli 2011. Dei skal også få lære om kva øya har vore brukt til gjennom historia, om
demokratiet vårt og sjølvsagt få sjå og føle korleis det er der. Dei tre elevane som reiser, er
Thalia, Malene I. og Adrian. Den heldige læraren som skal vere med på tur, er Alex.
Når Malene blir spurt om kva ho gler seg mest til, svarar ho at det blir spennande å møte
ungdomar frå andre skular rundt omkring. Adrian sier at det blir interessant å høyre korleis
det var å vere der og oppleve det som skjedde. Thalia meiner også at å høyre historiene til
dei som var der, kjem til å gjere inntrykk.
Når dei fire kjem tilbake frå turen, ynskjer dei å dele opplevingane med resten av skulen. Dei
håpar difor at alle klassane på Meland kan førebu nokre spørsmål, og kanskje kome med
ynskje om korleis dei tre elevane og Alex kan lære vidare det dei har lært på den spennande
turen.