Produksjon for scene 9. trinn, har førestilling for barneskuleelevar.
Publisert: 11. desember 2025 | Sist endra: 12. desember 2025 | Forfatter: Sigurd Ravndal

“Bukkene Bruse redder jula”

Valfaget produksjon for scene på 9. trinn framførte eventyret “Bukkene Bruse redder jula” for spente og ivrige 1. og 2. klassingar for barneskuleelevar frå Kleppe og nokre heldige frå Tu. 

Det trehodede trollet blei ikkje invitert på julegrøt hos kongen - der ALLE dei andre var velkomne. Julenissen blei kidnappa og gjøymt under brua - der bukkene bruse kom trampande. Det endte godt - alle skulle vera gilde med kvarandre og alle fekk kome til kongen. Førestillinga blei avslutta med flott dans. Snipp snapp snute så var eit litt merkeleg og koseleg eventyr ute :-)

Tusen takk til alle elevane som var med - både på og bak scenen - og elevane som stod for lys og lyd. Jula blei redde av dykk alle!