Meny
Velg avdelinger Framside
Stasjonsvegen 26B 4350 Kleppe
Telefon: 51 42 97 00 Send e-post til oss
Redaktør: Sigurd Ravndal
Visma FLYT skule
Pålogging Visma FLYT
Min Timeplan
Min Timeplan
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2025><<
april 2025
mtotfls
31010203040506
07080910111213
14151617181920
21222324252627
28293001020304
05060708091011
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Elevundersøkinga
Elevundersøkinga
Tid for vaksinasjon mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio 10.trinn

Til elevar og føresette Klepp ungdomskule

Tid for vaksinasjon mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio 10.trinn

I det nasjonale vaksinasjonsprogrammet får elevar i 10. klasse (15–16 år) tilbod om ein oppfriskingsdose av vaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio. I vaksinasjonsprogrammet gir ein tre dosar med slik vaksine i løpet av det første leveåret til barnet og ein oppfriskingsdose i 2. klasse. For å sikre godt vern på lang sikt gir ein no tilbod om ein ny oppfriskingsdose.

Vaksinasjonen er planlagt til ONSDAG 17.Januar på Klepp ungdomsskule

Liv Marit Mellemstrand, helsesjukepleiar.

Mob: 4573 4759. Mail: liv.marit.g.mellemstrand@klepp.kommune.no

Om sjukdomane
Difteri er ein akutt infeksjon i øvre luftvegar som skuldast difteribakteriar. Bakteriane dannar giftstoff som gir
stor heving i slimhinnene i halsen slik at det blir vanskeleg å puste. Giftstoffa kan også gå til åtak på hjarte-,
nyre- og nervevev. Sjukdomen kan vere dødeleg, og finst i delar av Europa og i andre verdsdelar.

Stivkrampe (tetanus) skuldast ein bakterie som kan finnast i jordsmonn. Bakterien dannar giftstoff som går til åtak på nervesystemet og gir muskelstivleik og smertefulle krampar. Smitte kan skje når bakterien kjem i
kontakt med sår. Sjukdomen har høg dødelegheit, men smittar ikkje frå person til person. Stivkrampe er
sjeldnare i Norden enn i varmare strok.

Kikhoste (pertussis) er ein luftvegsinfeksjon med langvarige (6–12 veker) og kraftige hosteanfall. Kikhoste kan føre til pustestans hos spedbarn og små barn, hjernebetennelse med påfølgjande hjerneskade, og i sjeldne tilfelle til død. Også hos større barn og vaksne kan sjukdomen gi langvarige plager. Sjukdomen er veldig smittsam – nær 100 % fekk sjukdomen før vi begynte å vaksinere.

Poliomyelitt er ein virussjukdom som vanlegvis gir forkjølingssymptom, smerter i kroppen eller magesjuke. Sjukdomen kan gi hjernebetennelse (encefalitt) og kan føre til varige lammingar. Dødsfall skjer. Noreg er i dag poliofritt, men uvaksinerte personar kan bli smitta under reiser og dermed smitte andre uvaksinerte etter heimkomst.

Om vaksinen
Vaksinen som blir brukt, heiter Boostrix Polio. Han kan hos nokre gi forbigåande raud hud, smerter og heving på stikkstaden. Nokre får lett feber. Meir informasjon om innhaldsstoff og eventuelle biverknader etter Boostrix Polio finst på nettsidene til Statens legemiddelverk: www.legemiddelsok.no

Hugs å informere helsesjukepleiar
Gi beskjed dersom barnet har allergi eller andre helseproblem. Gi også beskjed om barnet har blitt vaksinert
mot stivkrampe utanom vaksinasjonsprogrammet det siste året. Det er ikkje skadeleg å få vaksinen sjølv om barnet har hatt ein eller fleire av sjukdomane. Meir informasjon finst på nettsida www.fhi.no/om-bvp