Klikk Les meir om korleis du skal køyre for at ALLE elevar og tilsette skal vera mest mogleg trygge i mørke morgonar!
I haustleg/vinterleg mørke, regn og sludd, blir det ekstra viktig å vera varsam i levering av ungdommane.
Køyr heilt fram til dropp-sonen. Køyr roleg - mange elevar og tilsette kryssar parkeringsplassen.
Følg grøne linjer heile vegen - ikkje sving opp i dei to opne felta, markert med raude kryss. Desse er meint for gåande elevar og tilsette.
Viss skulebussane er på levering - ta omsyn til desse, særleg om du passerer dei. Taxiar kan stoppa før dropp-sonen pga elevar som skal ha kortast mogleg veg til hovudinngang.
Me tek vare på kvarandre - også i dei mørke morgonane.