Publisert: 24. oktober 2024 | Sist endret: aldri | Forfatter: Kariann F Leikanger
JIPPI!
Tysdag denne veka fekk vi endeleg ta i bruk ballbingen. Den er delt i 2, og det er sett opp tider her til alle trinna.
Vi har og starta ein prøveperiode med at vi deler 1-3 trinn og 4-7 trinn i det første friminuttet kvar dag. Det betyr at dei yngste har friminutt tidlegare enn dei største. dette gjer og at det vert endå meir tid til alle trinn på fotballbanane.