Ein fantastisk bukett med unike elevar!
Publisert: 04. september 2024 | Sist endret: 04. september 2024 | Forfatter: Sven Atle Østerhus

Referat Foreldremøte 4.trinn Hausten 2024

UTESKULE: 

Kvar onsdag, 3. og 4. økt
Tverrfagleg tema - Små grupper (heile 4.trinn)

Fokus:
Helse, livsmeistring, fag, sosialt, leik, relasjonar, samarbeid.

Nærområde: Kleppeloen.

Gode klede / drikkeflaske: Merk med namn.

Rektor og FAU-leiar hadde begge innslag med fokus på:

Viktigheita av eit godt HEIM – SKULE samarbeid !! og ikkje minst EIT TRYGT OG INKLUDERANDE SKULEMILJØ !!
Språkbruk !! MÅ jobbast med heime !!
Framsnakke skulen og dei tilsette !!

Bruk heimesida til Kleppelunden Skule. Les referat! Les Plan for trygt og inkluderande skulemiljø

FAU opne for forslag til kva som skal vektleggast – og korleis ein vil ha det på Ny Skule.

Diverse:

Nettet: Er ustabilt i heile kommunen. Jobbast med saka.
Showbie: Kjem foreldrekode snart. Her ligg timeplan, vekeplan, lekser og info.

Øyretelefonar: Elevane får utdelt (veke 36/37)
– skal brukast til og med 7.trinn (ta godt vare på). Kan også bruke eigne.

Skolen.cdu.no Her må elevane logge seg inn med feide på Cdu.no først og merke av Kleppelunden skule på MIN SIDE, så skal det vere mogleg å bruke skolen.cdu.no igjen.

Ta kontakt med kontaktlærar: VISMA - (svar innan 16.00, eller neste dag)
Fråvær: Registrer i VISMA

Bruk heimesida til Kleppelunden Skule. Abonner gjerne på 4.trinn og FAU.

Oppstart av skuledagen:
Elevane stiller seg opp utanfor trinndøra med sekken på ryggen - går roleg inn og heng frå seg - så roleg inn i klasserommet og finn frem leseboka. Ein fantastisk roleg og fin start på dagen! Der er dei gode!!

Pause/aktivitet i dei lengste timane for å avbryte.

Fokus på å bygge relasjonar og skape eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø.

Heile 4.trinn: Måndag (Musikk) Onsdag (Uteskule) Torsdag (Stasjonar) Fredag (Tredeling)

Bibliotek: Onsdagar.

Hugs: Lad og evt. oppdater iPad. Ikkje prøv mange gonger om ein gløymer koden til iPad, da låser den seg slik at IT- avdelinga må ta ein runde med den....

LES INFO TIL HEIMEN KVAR VEKE PÅ VEKEPLANEN – Me ser fram til eit fantastisk bra samarbeid og godt skuleår!!

 Føresette gjekk klassevis og diskuterte blant anna sosialt årshjul, og kva som skal vektleggast hausten 2024

4A – Spond (sjekk Visma for kode til gruppa)
4B – Facebookgruppe

Fabolous 4 som har blitt klappa inn til foreldrekontaktar er:

4A: Silje Fjærli og Kristin Undheim
4B: Camilla Larsen Meland og Ragne Hole Kjøllesdal