Publisert: 28. august 2026 | Sist endra: 31. august 2026 | Forfatter: Sigurd Ravndal

Nasjonale prøver skuleåret 2026-2027

Nasjonale prøver for 8. og 9. trinn gjennomførast i 2026 frå 31. august til 25. september. 

Det er nasjonal prøve i lesing, rekning og engelsk på 8. trinn, og i lesing og rekning på 9. trinn.

Føremålet med nasjonale prøver er å gje skulen kunnskap om elevane sine grunnleggjande ferdigheiter i lesing, rekning og engelsk. Informasjonen frå prøvene skal danne grunnlag for undervegsvurdering og kvalitetsutvikling på alle nivå i skulesystemet. Les meir om nasjonale prøver her: "Kva er nasjonale prøver" og "Forberede gjennomføringen av nasjonale prøver". 

Prøvene er obligatoriske for alle elever. Skulen kan vurdere å innvilge fritak fra nasjonale prøver til elever som har vedtak om individuell tilrettelegging eller særskilt språkopplæring. Fritaket er eit enkeltvedtak med tre veker klagerett. Les meir om fritak her.