Torsdag 25. januar arr. elevrådet gratis kantine til alle på skulen.
Elevrådet serverte brødskivar, knekkebrød, masse godt pålegg og lagde god stemning i gymsalen til lunsj denne dagen. Til stor glede for alle elevane på skulen.
Alle i elevrådet stod på og jobba godt, dei er med å bidreg til at det gjekk utruleg bra! For ein gjeng!
Nokon elevar på skulen meinte det var akkurat som å vera på hotell, då er ELEVRÅDET fornøgd med oppdraget.