Sidan skulestart har vi jobba multisensorisk på tvers av faga for å lære.
Vi har laga skuggebilete av oss sjølve. Etterpå tegna og skreiv vi om tankane våre, (K&H, KRLE, norsk og fysikk).
På parfymeverkstaden brukte vi lukte- og kjenslesansen først, deretter syns- og høyresansen for å finne ut kva for plante det var. Rose, lavendel, sitronmelisse, mynteblome, curryplante, salvie og rosmarin lukta for det meiste godt. Vi skreiv parfymeoppskrift til slutt, (naturfag og norsk).
På BlimE plakaten skreiv vi positive ord og setningar. Dei hang i gymsalen då vi hadde BlimEdans saman med heile skulen, (gym, musikk, K&H og KRLE).
Babels tårn gjekk heilt til taket etter at kvar elev hadde malt kvar si etasje. Vi skreiv "hei" på mange forskellige språk ved tårnet vårt. Etterpå bygde vi Babels tårn i mage forskjellige byggematerial, (KRLE, K&H, matte, fysikk og språk).
Vi fann bladar og brukte dei til å lage vakre sommarfuglar. Vi lærte om formane på bladane og kva for plante dei var. Bringebærplanta og hasseltreet laga gode sommerfulvinger synast vi, (K&H og naturfag).