logo Av-og-til
Publisert: 09. desember 2025 | Sist endra: 09. desember 2025 | Forfatter: Monika Grødem Mageland

Av-og-til

Snart er jula her – årets store høgdepunkt for barna. Adventslys, julekalender, nissebesøk, peparkakebaking, aking i snøen, gåveopning og tid saman med familien. Det er mykje å gle seg til. Derfor har vi ei oppfordring til alle vaksne: Tenk over din eigen alkoholbruk når du er saman med barn og unge i jula. Time kommune er ein Av-og-til kommune. Du finn meir informasjon på nettsida her.