Meny
Velg seksjon Framside
Engelsvollvegen 91 4353 KLEPP STASJON
Telefon: 51786500 Send e-post til oss
Redaktør: Linda Refvik
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Velkommen til nytt skuleår og første skuledag!

Då er sommaren snart over og det er skulestart torsdag 15.august

Håper alle har hatt ein fin sommar og har med seg gode minner inn mot hausten.

torsdag 15.august er det første skuledag og vi gler oss til å treffe dykk, alle saman!

2.- 7.steg møter på skulen kl. 08.30 som vanleg og går til sine nye klasserom.

1.steg møter kl. 09.00, også på skuleplassen framfor adminstrasjonen. Rektor ønsker velkommen, det vert opprop, samling i klasserom saman med lærarane dykkar.

Skuledagen varer fram til kl. 12.45 for 1.- 4.steg og til kl. 13.30 for 5.- 7.steg.

Hugs å ta med matpakke og drikke. Dei som har bestilt produkt frå Skolelyst, får dette frå den datoen dei har fått info om.

Av erfaring veit vi at mange nye førsteklassinger vert veldig slitne dei første skuledagane. Det kan vera lurt å vurdera om ein kan ha kortare tid i SFO desse første dagane.

Vi ser fram til å skapa gode opplevingar mykje læring og godt foreldresamarbeide i det nye skuleåret!