En svart sekk og anna skuleutstyr, med tekst og invitasjon til foreldremøte.
Publisert: 24. august 2026 | Sist endra: 24. august 2026 | Forfatter: Elin Aanestad

Invitasjon til foreldremøte på 7.trinn

Foreldretreff om sosialt samspel

Mot slutten av barneskulen dukkar det ofte opp nye problemstillingar knytt til barns sjølvforståing og sosiale 
samspel med kvarandre. Korleis kan du som forelder forstå barnet ditt i denne perioden? Kva kan vaksne 
gjere når det oppstår sosiale utfordringar i ei gruppe, som til dømes konfliktar, krangling eller utestenging? 
Korleis kan foreldregruppa saman bidra til å skape eit inkluderande miljø?

Målet med dette foredraget er:
• At du skal sitje igjen med konkrete verktøy for å få til god kommunikasjon med barnet ditt.
• At de som foreldregruppe skal reflektere over korleis de kan samarbeide med kvarandre for å skape eit inkluderande miljø.

Alle føresette bør få med seg dette føredraget i Sterk&Klar. I etterkant av føredraget blir det lagt opp til at 
foreldregruppa kan snakke om tematikken i grupper. Dette er ein god moglegheit til å bli kjend med dei 
andre foreldra og prate om foreldrerolla, klasse- og oppvekstmiljø, og overgangen til ungdomsskulen.
Roy Henning Aanestad er ein dyktig formidlar, som engasjerer publikum med sine erfaringar og sin humor. 
Han har god kjennskap til førebyggande arbeid etter mange år som politibetjent, og har mange gode råd til 
foreldre. 

BRYNE BARNESKULE – TIRSDAG 22. SEPTEMBER KL. 18.00
TREFFET BLIR ARRANGERT AV SKOLEN OG FAU I SAMARBEID MED STERK&KLAR

Meld deg på her:

Påmelding til foreldremøte med Sterk og klar