Meny
Velg seksjon 8. trinn
Verdalsvegen 35 4351 KLEPPE
Telefon: 51788400 Send oss e-post
Redaktør: Sandra Claveau Børresen-Varhaug
Årshjul/kalender
Årshjul 8. trinn
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Har du eller barnet ditt lyst å starta på ein ny fritidsaktivitet?



Skolelyst ber oss informera litt om skulemjølkordninga.
Foreldre/føresette kan bestilla abonnement for sitt barn på produkt frå Tine på nettsida http://www.skolelyst.no.

Produkta er utan tilsett sukker og kunstig søtning. 
Det er mogleg å bestilla forskjellige produkt gjennom veka.
Det er mogleg å starta/stoppa eit abonnement eller endra abonnementet i løpet av skuleåret.
Foreldre/føresette kan dela opp betalinga utan ekstra gebyr.

På Bore ungdomsskule kan ein velja mellom desse produkta:
Lettmjølk 1% fett
Ekstra lettmjølk 0,5% fett
Kakaomjølk
Eple fruktdrikk
Laktosefri mjølk

Hei.

Vi har fått beskjed frå Kolumbus om at det nå er montert ei beredskapsbru ved Skadsem bru.  Skulebussen vil derfor kjøra ordinær trasè frå måndag 28. november.


Vi har fått melding frå folk som bur i Verdalen, om at det er mange elevar som syklar langs Verdalsvegen om morgonen i stor fart og utan lykt på sykkelen. Det er ganske mørkt om morgonen nå, og det kan skapa farlege trafikksituasjonar dersom bilane ikkje ser dei!

Vi har fått bekymringsmelding frå dei som køyrer søppelbilane i Verdalen. Dei er redde for å køyra på barna dykkar.
Det er elevar til/frå skulen som ikkje ferdast i trafikken slik dei burde. Blant anna er det nokre elevar som syklar med ein veldig stor fart på sykkelstien. Det er også nokre som syklar midt i vegen.
Vi har ingen barn å mista, så me vil setja pris på om de kan snakka med barna om trafikktryggleik.

Vi har fått den første mjølkeleveringa frå Tine (Skolelyst) i dag.  Denne leveringa gjeld mjølk for torsdag 18., fredag 19. og måndag 22. august.

Det viser seg dessverre at vi ikkje har fått rosa lettmjølk. Vi har ringt til Tine. Dei beklagar og seier at det var manko på rosa lettmjølk i dag. Foreldra til dei elevane det gjeld er alt blitt kreditert, slik at dei ikkje betalar for mjølk dei dagane.

Dei elevane som har bestilt rosa lettmjølk, vil dessverre ikkje få mjølk før tysdag 23. august. Dei som har bestilt blå lettmjølk, laktosefri mjølk, kakaomjølk og eplejuice, vil få mjølk frå torsdag 18. august. 

NB! Hugs at det tek 1-2 veker frå ein bestiller mjølk, til det er inne i systemet til Skolelyst, slik at eleven blir registrert med mjølk på mjølkelistene våre !!