Meny
Velg seksjon 7. trinn
Verdalsvegen 35 4351 KLEPPE
Telefon: 51788400 Send oss e-post
Redaktør: Sandra Claveau Børresen-Varhaug
Lekseplanar 7. trinn
Veke 23
Veke 24-25
Årshjul/kalender
Årshjul 7.trinn 23/24
Timeplanar 7. trinn
7A
7B
7C
7D
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Lenkesamling matematikk
Gruble Matematikk

Har du eller barnet ditt lyst å starta på ein ny fritidsaktivitet?



Foreldre/føresette er velkomne til foreldremøte tysdag 15. august kl. 19.00 på mediateket på Bore ungdomsskule.

Skolelyst ber oss informera litt om skulemjølkordninga.
Foreldre/føresette kan bestilla abonnement for sitt barn på produkt frå Tine på nettsida http://www.skolelyst.no.

Produkta er utan tilsett sukker og kunstig søtning. 
Det er mogleg å bestilla forskjellige produkt gjennom veka.
Det er mogleg å starta/stoppa eit abonnement eller endra abonnementet i løpet av skuleåret.
Foreldre/føresette kan dela opp betalinga utan ekstra gebyr.

På Bore ungdomsskule kan ein velja mellom desse produkta:
Lettmjølk 1% fett
Ekstra lettmjølk 0,5% fett
Kakaomjølk
Eple fruktdrikk
Laktosefri mjølk

Hei.

Vi har fått beskjed frå Kolumbus om at det nå er montert ei beredskapsbru ved Skadsem bru.  Skulebussen vil derfor kjøra ordinær trasè frå måndag 28. november.


Vi har fått melding frå folk som bur i Verdalen, om at det er mange elevar som syklar langs Verdalsvegen om morgonen i stor fart og utan lykt på sykkelen. Det er ganske mørkt om morgonen nå, og det kan skapa farlege trafikksituasjonar dersom bilane ikkje ser dei!

Vi har fått bekymringsmelding frå dei som køyrer søppelbilane i Verdalen. Dei er redde for å køyra på barna dykkar.
Det er elevar til/frå skulen som ikkje ferdast i trafikken slik dei burde. Blant anna er det nokre elevar som syklar med ein veldig stor fart på sykkelstien. Det er også nokre som syklar midt i vegen.
Vi har ingen barn å mista, så me vil setja pris på om de kan snakka med barna om trafikktryggleik.