Nå er sommaren over og det er skulestart 15.august
Håper alle har hatt ein fin sommar og har med seg gode minner inn mot hausten.
Torsdag 15.august er det første skuledag og vi gler oss til å treffe dykk, alle saman!
2.- 7.steg møter på skulen kl. 08.15 som vanleg og går til sine nye klasserom.
1.steg møter kl. 09.00, i aulaen. Rektor ønsker velkommen, Bore skulekorps spelar for oss! Det vert opprop og deretter går dere samling i klasserom saman med lærarane dykkar.
Skuledagen varer fram til kl. 12.50 for 1.- 4.steg og til kl. 13.50 for 5.- 7.steg.
Hugs å ta med matpakke og drikke. Dei som har bestilt produkt frå Skolelyst, får dette frå den datoen dei har fått info om.
Av erfaring veit vi at mange nye førsteklassinger vert veldig slitne dei første skuledagane. Det kan vera lurt å vurdera om ein kan ha kortare tid i SFO desse første dagane.
Vi ser fram til å skapa gode opplevingar, mykje læring og godt foreldresamarbeid i det nye skuleåret!