Meny
Velg seksjon Framside
0. klasse
1.trinn
2.trinn
3.trinn
4.trinn
5.trinn
6.trinn
7.trinn
Hovedadresse Verdalsvegen 31 4351 KLEPPE Telefon: 51788450 Send e-post til oss
SFO Verdalsvegen 31 4351 Kleppe Telefon: 480 51 422 Send e-post til oss
Redaktør: Jorun Beate Fylkesnes
Undersøkingar
Foreldreundersøkinga
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<desember 2024><<
desember 2024
mtotfls
25262728293001
02030405060708
09101112131415
16171819202122
23242526272829
30310102030405
jan
02
2025
Planleggingsdag for skule
Heile dagen
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Mobilfri skule fom 1. august 2024

I Klepp kommune har alle skulane eit felles ordensreglement.

Under punkt 3.1 Reglar om orden  står det:

"Det er god orden å legge mobiltelefonen/ smartklokka avslått på avtalt plass når skuledagen tek til (heime eller på skulen)."

Etter at Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun har gått inn for mobilfri skule, har utdanningsdirektoratet (udir) kome med anbefaling om å strengt regulere bruk av private mobiltelefonar og smartklokker i undervisning og friminutt på barneskulen (1.-7. trinn).

"Målet er færre forstyrrelser og et styrket skolemiljø"

Streng regulering skal bidra til å 

1. gi færre forstyrrelser i undervisningen og fremme læring.

2. styrke skolemiljøet og forhindre mobbing og andre krenkelser.

Sidan Klepp kommune har eit felles ordensreglement for alle skulane, er ikkje dette redigert.

FAU har gitt støtte til at ein ved Bore skule frå og med hausten 2024 ikkje skal ha mobiltelefonar og smartklokker med til skulen.

 

Elevrådet ved Bore skule har og uttalt seg, og ser både fordeler og ulemper med mobiltelefonar og smartklokker.

Elevrådet har kome fram til følgjande fordeler:

* ein kan ringe heim om ein har gløymd gymtøy, for å spør foreldre om dei kan vera med andre heim, for å avtale noko med foreldra, om dei blir skada, eller om du kjem for seint til bussen

* kan ringe nokon dersom ein er åleine

* kan hente informasjon eller høyre Spotify i musikken

* kan filme og ta bilete i klasserommet

Elevrådet har kome fram til følgjande ulemper:

* ein kan bli filma i dusjen eller garderoben, andre stadar

* ein kan jukse på prøver

* telefonen kan bli øydelagt eller stjåle

* telefonen kan brukast til å mobbe/ utestenge andre; mobbe digitalt

* telefonen kan bli brukt i friminutt utan lov

* ein kan bli freista til å spele på mobiltelefonen i timane, eller sjå på andre ting.

* ein kan bli distrahert frå undervisninga

 

Frå og med skulestart i august 2024 skal mobiltelefonar og smartklokker ligge att heime.