Meny
Framside
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Tyssereinane 16 5650 Tysse Vis på kart
Telefon: 56589960 Send e-post til oss
Redaktør: Hege T. Jonathanson
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<november 2026><<
november 2026
mtotfls
26272829303101
02030405060708
09101112131415
16171819202122
23242526272829
30010203040506
nov
06
2026
Planleggingsdag
Heile dagen
Det er 2 dokumenter i arkivet.
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Valfaget innsats for andre har vore i praksis

Elevane i Innsats for andre har vore ute i praksis det siste halvåret. Nokre har hatt praksis i barnehage, andre på barneskulen eller i lokale bedrifter. Gjennom desse erfaringane får elevane lære kva det vil seie å gjere ein innsats for andre, tilpasse seg nye miljø og meistre ulike oppgåver. Samstundes får dei kjenne på ansvar, både for oppgåver og for menneska rundt seg.


Her er nokre glimt frå årets praksisbesøk. Karoline frå 10. trinn skapte stor begeistring da ho laga vaflar for 4. trinn på barneskulen, medan Tyra og Leah frå 8. trinn fekk eit kjekt gjensyn med Gårdsbarnehagen, der dei sjølve gjekk då dei var små, og fekk prøve seg på å ta vare på både dyr og barn.

Ei stor takk til dei lokale praksisplassane som så raust tek imot elevane våre, og ikkje minst til elevane som ønskjer å gjere ein innsats for andre i bygda!
Main Image
Bilete 1 av 5