Meny
Framside
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Tyssereinane 16 5650 Tysse Vis på kart
Telefon: 56589960 Send e-post til oss
Redaktør: Hege T. Jonathanson
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<september 2026><<
september 2026
mtotfls
31010203040506
07080910111213
14151617181920
21222324252627
28293001020304
05060708091011
sep
09
2026
Nasjonal prøve 9. trinn
kl 8:30-9:30
sep
10
2026
Friluftsliv valfag til Gullhorgabu
Fleire dagar. Sluttar 11.09.2026
Det er 2 dokumenter i arkivet.
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Økonomiprosjekt 10.trinn

I veke 12 har 10. trinn arbeidd med eit stort og spanande økonomiprosjekt. Målet med prosjektet var å gi elevane innsikt i korleis økonomi fungerer i praksis – og kva det eigentleg kostar å vere vaksen.
Elevane vart delte inn i grupper, der nokre levde som «ektepar» medan andre var åleine. Kvar gruppe trekte ein lapp som avgjorde kor mange barn og kva husdyr dei hadde, og dei trilla terning for å finne alder. Med dette som utgangspunkt skulle dei lage ein realistisk økonomiplan for «familien» sin.
Gjennom veka har elevane utforska spørsmål som:
Kva faste utgifter har ein familie?
Kva kostar mat, bustad, straum og forsikringar?
Kva må ein betale i skatt, og korleis fungerer feriepengar?
Kva er viktig å vite om lån og renter?
Dette viste seg å vere både ei utfordring og ein augeopnar, særleg når elevane oppdaga kor mange kostnader som faktisk følger med vaksenlivet.
Prosjektet har gitt elevane verdifull kunnskap om økonomi, prioriteringar og ansvar – og truleg også litt meir forståing for kvardagen heime!
Ei lærerik og nyttig veke for alle på 10. trinn.
Main Image
Bilete 1 av 10