Lærarar i toppform slo tilbake i volleyballturneringa!
Tradisjonen tru arrangerte me volleyballturnering på skulen før jul, og stemninga var like elektrisk som alltid. I tida før turneringa har elevane hatt volleyball på timeplanen i kroppsøvinga, der dei har perfeksjonert smashar, blokkeringar og taktikk.
Publisert: 18.12.2024 10:30 Sist endra: aldri Forfattar: Hege Jonathanson
Alle visste at måndag 16. desember kom til å bli ein dag fylt med nervepirrande kampar og mykje moro.
Heile dagen var det full aktivitet i gymsalen. Klassane spelte mot kvarandre i intense oppgjer, og innsatsen var upåklageleg – sjølv om nokre klassar meir enn andre hadde ein «det er tanken som tel»-innstilling til spelet. Etter mange tøffe kampar var det klart for det store høgdepunktet: finalekampen mellom det beste elevlaget, 10B, og lærarlaget.
Dei siste åra har lærarane måtta bite i graset i finalen, noko som ikkje akkurat har styrka prestisjen deira. Men i år hadde lærarane skjerpa seg og til og med lagt inn ei trening eller to for å samkjøre troppen. Ryktet om desse hemmelege treningane spreidde seg raskt blant elevane, som møtte til finalen med høge forventningar – og kanskje ein liten dose skadefryd dersom lærarane skulle tape igjen.
Men denne gongen leverte lærarane ein oppvisning i samhald, strategi og kanskje litt flaks. Med overlegne servar og solide blokkeringar vann dei 2-0 over 10B. Elevane kunne ikkje anna enn å applaudere, sjølv om det kanskje svei litt for finalistane.
Stemninga i salen var på topp heile dagen, og turneringa blei som alltid eit kjekt avbrekk i førjulstida. Om lærarane no held fram med si nye treningsrutine, kan det verke som elevane har fått ei tøffare utfordring til neste år!