Meny
Framside
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Tyssereinane 16 5650 Tysse Vis på kart
Telefon: 56589960 Send e-post til oss
Redaktør: Hege T. Jonathanson
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<desember 2024><<
desember 2024
mtotfls
25262728293001
02030405060708
09101112131415
16171819202122
23242526272829
30310102030405
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Elevundersøkinga

Elevundersøkinga er ei årleg undersøking der elevar får høve til å seie si meining om læring og trivsel i skulen.
Det er obligatorisk å gjennomføre Elevundersøkinga for elevar på 7. trinn, 10. trinn og Vg1 i haustsemesteret. Skulane kan òg velje å gjennomføre undersøkinga på fleire trinn. Me har vald å gjennomføre for alle elevar. 
Resultata frå undersøkinga blir brukt av skulen, kommunen og staten for å følgje opp og betre skulemiljøet og elevane si trivsel. Det er frivillig for elevane å svare, og dei kan hoppe over spørsmål om dei ønskjer det.
Svara er anonyme, utan namn eller personnummer, slik at det ikkje skal vere mogleg å spore dei tilbake til den einskilde elev. Likevel kan det i einskilde tilfelle (til dømes ved små skular) vere ein liten risiko for at nokon kan kjenne igjen kven som har svart kva. Difor finst det strenge reglar for visning av resultata til skulen, skuleeigaren og dei statlege utdanningsstyresmaktene. Resultata frå undersøkinga skal ikkje publiserast på ein måte som kan identifisere elevane sine svar.
Utdanningsdirektoratet har ansvar for at svara frå Elevundersøkinga blir lagra og brukte på ein trygg og korrekt måte. Desse svara blir lagra så lenge det er naudsynt og kan nyttast til forsking, statistikk og arkivering. Statistikk frå undersøkinga er tilgjengeleg på udir.no.