Meny
Framside
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Tyssereinane 16 5650 Tysse Vis på kart
Telefon: 56589960 Send e-post til oss
Redaktør: Hege T. Jonathanson
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<desember 2024><<
desember 2024
mtotfls
25262728293001
02030405060708
09101112131415
16171819202122
23242526272829
30310102030405
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Demensaksjonen 2024

I valfaget «Innsats for andre» skal me lære om og få praktisk erfaring med frivillig arbeid, og å gjere noko for andre og bidra til fellesskapet. 
Me skal mellom anna planlegge og gjennomføre ulike aksjonar og ta ansvar for prosjekta våre og jobbe med ulike menneske/ organisasjonar. Til no har me jobba med demenssaka og kjem i veke 39 til å samle inn pengar til Demensaksjonen 2024 som går til forsking på demens. Me synst det er ei viktig sak fordi ein ikkje har funne ein kur for å stoppe demens enno og berre forsking kan gjere at ein kanskje finn ei løysing i framtida. Nokre av oss som har valfaget kjem til å stå ved Kiwi måndag 23. september mellom kl. 15-18 for å samle inn pengar til saka. I tillegg står me utanfor Kiwi og Spar mellom kl. 15-18 torsdag 26. september og sel kaker, kanelsnurrar og muffins. Dersom det vert noko til overs, vil me selje restane i kantina på fredag. Me er spente og håpar de vil støtte oss og saka me samlar inn til! De kan også gje eit bidrag på innsamlingssida vår: Samnanger ungdomsskule, "Innsats for andre" | Nasjonalforeningen Takk på førehand!