Skidag
Heile skulen hadde skidag onsdag 29.mars. Me kunne ikkje vald ein betre dag, med sol heile dagen og nysnø i løypene.
Publisert: 30.03.2023 09:52 Sist endra: 30.03.2023 13:51 Forfattar: Hege Jonathanson
74 elevar reiste i Eikedalen skisenter. Nokon hadde mykjer erfaring, medan fleire prøvde alpint for første gong. 12 elevar reiste til Totræna for å stå på langrenn og for å ake. Det var grilla pølser både i Eikedalen og Totræna. Vaksne og elevar koste seg stort!