13.01 22 presenterte regjeringa nye smittevernstiltak. Dei legg opp til at kvar enkelt kommune skal gjera eigne vurderingar av koronasmittesituasjonen og gjera eigne beslutningar om kva tiltaksnivå lokale skular skal ha. Regjeringa opphever dermed det forskriftsfesta nasjonale gule nivået.
Samnanger kommune i samråd med smittevernslege har vurdert situasjonen og konkluderer med at både barne- og ungdomsskulen går over til grønt nivå. Samnanger ungdomsskule går over på grønt nivå frå tysdag 18.01.22.
Sidan
15.desember 2021 har me vore på gult nivå. Overgangen til grønt nivå fører til
nokre endringar. På grønt
nivå vil me leggja til rette for meir aldersblanding. Grønt nivå
betyr ikkje at me er heilt tilbake til slik det var før koronautbrotet. Det er
viktig å merke seg at:
Ingen sjuke
skal møta på skulen
Me skal ha
god hygiene med god håndvask
Unngå fysisk
kontakt mellom personar (håndhelsing og klemming)
For oss vert
ikkje endringane så store når det gjeld inndeling i klassar i og med at me har
vore delt klassevis på gult nivå.
Framleis
gjeld regelen om munnbind på skulebussen.
Elevane vil
bli orientert om grønt nivå på skulen måndag og tysdag.