I dag hadde nokre elevar eit oppdrag som handla om å telja syklar og sjekka kor mange av desse som var låste.
Me les og høyrer stadig vekk om syklar som forsvinn, både i skoletida og på fritida. Etter dagens resultat, er det kanskje ikkje så rart at fleire mistar syklane sine?
Det er altfor lett å stjele syklar frå Rosseland skule! Det er synd å sjå så mange, ganske nye syklar stå ulåste.
Det gjeld både frå hovudbygget og D-bygget.
Av 268 syklar var 143 ulåste.
Mange av desse har lås. Den heng enten på sykkelen eller ligg i korga.
Oppfordringa herfra er:
LÅS SYKKELEN DIN!