På fredag gjorde elevane ein formidabel innsats for å støtte årets innsamlingsaksjon, som gjekk til Barnekreftforeningen. Dei gav alt i sponsorløp og kafédrift. Vi har til saman samla inn 35 200 kr til aksjonen. Dette er fantastisk bra! Takk også til alle gode sponsorar som har støtta elevane i løpet.
Eit viktig mål for oss er at elevane skal erfare å gjere ein innsats for andre. Det har dei virkelig fått vere med på gjennom denne innsamlingsaksjonen.
Takk for innsatsen!