Meny
Velg seksjon Framside
1. - 4.trinn
5. - 7.trinn
Skulevegen 57 4244 Nesflaten
Telefon: 456 12 131/ 988 48 380 Send e-post til oss
Redaktør: Nesflaten Oppvekstsenter
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<desember 2024><<
desember 2024
mtotfls
25262728293001
02030405060708
09101112131415
16171819202122
23242526272829
30310102030405
Om BTI

Suldal kommune har utvikla ein digital rettleiar for å betra den tverrfaglege innsatsen når ein er uroa for ein gravid, eit barn, unge eller familiane deira.

 

 

Modellen finn ein her: www.suldal.betreinnsats.no

Modellen har tre grunnleggjande formål:

Tidleg innsats

Heilskapleg og koordinert tenestetilbod utan oppfølgingsbrot

Foreldresamarbeid  

 

 

 

Tidleg innsats inneber at kommunale tenestar grip tidleg inn i saker der barn og unge blir utsatt for risikofaktorar, anten det er av helsemessige eller sosiale karakterar. Føremålet er å avhjelpe situasjonen og avverja eskalerande og meir alvorlege somatiske, psykiske eller sosiale skadar.  Heilskapleg og koordinert tenestetilbod utan oppfølgingsbrot inneber at kommunen som forvaltningsorgan og tenesteleverandør står fram som einsarta og samla. Føremålet er at det samla tenesteapparatet skal gi verknadsfulle tenester til barn, unge eller familiar med behov for bistand frå ulike kommunale tenester utan oppfølgingsbrot. Det inneber og at det i kommunen alltid skal vera nokon som tar eit ansvar. Tilleggsvinst er å nå effektiv ressursutnytting over tid.  Foreldresamarbeid byggjer på at familien i utgangspunktet er den viktigaste arenaen for barn og unge og at foreldre/føresette har eit hovudansvar for sine barn. Ein kvar kommunal innsats bør difor involvera foreldra både med omsyn til å gjera vedtak for sine barn og som målgruppe for tidleg innsats. I tillegg vil foreldreinvolvering i dei fleste samanhengar bidra til betre og meir varige løysingar for barn i risiko.

BTI kommunar jobbar mot nokon felles grunnprinsipp: ·        

  • System for identifisering av barn, unge og foreldre som ein er uroa for
  • System for kven gjer kva og når 
  • System for koordinering
  • Tidleg foreldresamarbeid
  • Trygge medarbeidarar som kan det dei skal og veit sin rolle

På alle einingane finn ein BTI - agentar, og dette er pådrivarar som er skulerte i BTI - modellen. Anita Rabba er vår BTI - agent på Nesflaten Oppvekstsenter.